Klargjør siden...

300 griser brann inne i Rogaland

(NPK-NTB): Rundt 300 griser brann inne, mens alle kyrne og nesten 140 griser vart redda i ein brann i eit grisehus og ein fjøs i Suldal i Rogaland. Brannvesenet fekk kontroll på brannen etter fem timar.

Natt til fredag heldt brannvesenet vakt på staden.

– Dei held vakt til fredag morgon og har kort responstid om brannen skulle blusse opp igjen. Vi skal inn og gjere åstadsundersøkingar med fagfolk fredag, opplyser operasjonsleiar André Skram Hansen i Sør-Vest politidistrikt til NTB.

Garden ligg ved Nattlandsvatnet aust for Erfjord. Politiet fekk melding om brannen klokka 17.27 torsdag, og brannvesenet melde om kontroll klokka 22.36.

Førebels er brannårsaka ukjent. Politiet gjorde undersøkingar på staden og snakka med dei som eig og driv gardsbruket torsdag.

– Vi kan ikkje seie noko om brannårsaka, men vi har ei aning om kvar brannen starta, seier Hansen.

Gardsbygningane var delt i fleire seksjonar og etasjar, og brannmannskapa måtte ta i bruk gravemaskin for å redde ut så mange dyr som mogleg. Gravemaskina vart brukt til å rive ned vegger så grisene kunne komme seg ut og brannmannskapa inn.

– Vi har ikkje oversikt over skadeomfanget, men det er snakk om betydelege verdiar. Det er tragisk for dei som driv dette, seier Hansen.

Nokre av dyra som vart redda, er framleis på garden, mens andre vart frakta bort torsdag kveld. (©NPK)

Annonse