300 må gå i boreteknologiselskapet til Røkke

(NPK-NTB): Det Akastor-eigde oljeserviceselskapet MHWirth kuttar ytterlegare 300 stillingar, fortel Fædrelandsvennen. Dei tilsette blei informerte på eit allmøte måndag.

– På grunn av den framleis utfordrande marknadssituasjonen har MHWirth i dag kunngjort ytterlegare reduksjon av bemanninga. For organisasjonen i Noreg vil dette bety at ca. 300 fast tilsette får innkalling til drøftingsmøte i februar, skriv MHWirth i ei pressemelding som blei sendt ut like etter klokka 15 måndag.

Det er enno ikkje avklart kor stor del av kutta som kjem i Kristiansand. MHWirth har også kontor i Oslo, Horten og Stavanger.

Oljeserviceselskapet, som utviklar og leverer offshore boreutstyr, har i 2015 vore gjennom tre nedbemanningsrundar, i tillegg til ein runde med permisjonar, skriv Fædrelandsvennen.

Akastor blei sommaren 2014 skilt ut frå Aker Solutions. Dei største eigarane er Aker, Kjell Inge Røkkes børsnoterte investeringsselskap, og staten ved Næringsdepartementet.

Administrerande direktør Kristian Monsen Røkke i Akastor sa i nyttårshelga til Dagens Næringsliv at han frykta det kunne bli nødvendig å kutta ytterlegare i dotterselskapet MHWirth.

– Etter sterk vekst gjennom ti år var MHWirth rigga for ein kapasitet som langt overgjekk etterspurnaden i 2014. No er vi i ferd med å redusera bemanninga med 40 prosent, men held det fram slik det ser ut no, vil vi måtte gjera ytterlegare kutt. Det må vi vera ærlege på, sa Røkke. (©NPK)

Annonse