Klargjør siden...
Annonse

31-åring dømt for mordbrann i Stavanger

Ein 31 år gammal mann vart torsdag dømt for mordbrann i Gulating lagmannsrett. Ei 89 år gammal kvinne låg i senga då brannen starta.

Den 40 år gamle kona til den drapsdømte vart frikjend, men må likevel betale erstatning, skriv Stavanger Aftenblad.

31-åringen blir dømt til tre år og ein månad i fengsel. Begge dei tiltalte må betale over 100.000 kroner i erstatning.

Brannen hende morgonen 6. november 2018 utanfor ei kjellardør på Storhaug i Stavanger. Politiet fekk tidleg mistanke om at brannen var påsatt.

Den 89 år gamle kvinna som budde i kjellarleilegheita, kom seg raskt ut. Ein forbipasserande sløkte brannen.

Ifølgje ekspertar ville brannen vore dødeleg innan eit kvarter viss han ikkje vart sløkt. Det førte til at 31-åringen vart dømt etter mordbrannparagrafen i Sør-Rogaland tingrett i mars i år, medan kona vart frikjend under dissens.

Både påtalemakta og tiltalte anka dommen. Påtalemakta meinte dei hadde bevis for at kona burde dømmast, dei dei tiltalte har heile tida nekta for å ha noko med saka å gjere.

(©NPK)