Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Skatteetaten purrar no på bileigarar som ikkje har betalt årsavgift for køyretøya sine. Avgiftene har ein samla sum på 840 millionar kroner.
npk@npk.no
Publisert: 18.04.2016 kl 19:56
I februar sende skatteetaten ut 3,7 millionar krav om årsavgift for alle bileigarar med betalingsfrist 21. mars. 322.000 krav er enno ikkje betalt, opplyser skatteetaten i ei pressemelding.
Til saman gir årsavgifta staten meir enn 10 milliardar kroner i inntekter. Delen av krav som blir purra på, har gått litt opp frå 8,4 prosent i 2015 til 8,66 prosent i 2016.
Dei som får purring, har enten ikkje betalt årsavgift eller betalt avgifta for seint. Fristen for å betale er 4. mai, og førarar som ikkje betaler, risikerer å få bilen avskilta. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.