Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Færre enn i fjor søker om å få tildelt nye leiteområde på norsk sokkel.
npk@npk.no
Publisert: 21.09.2016 kl 12:17
Søknadsfristen for den årlege konsesjonsrunden i dei best kjente leiteområda er gått ut, og Olje- og energidepartementet fekk 33 søknader til TFO 2016.
Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) kallar interessa for stor, trass ein nedgang i talet på søkarar. Han seier nedgangen kjem av fusjonar og strukturelle endringar blant oljeselskapa:
– Det førehandsdefinerte området blei betydeleg utvida både i Norskehavet og Barentshavet i samband med denne konsesjonsrunden. Det er kome inn interessante søknader både i dette området og i TFO-området elles, seier Lien.
Poenget med TFO-ordninga er å utforske norsk sokkel og kartlegge ressursar så fort som mogleg. Hastverket kjem av at funna sannsynlegvis vil vere små og truleg ikkje lønne seg for sjølvstendig utbygging, men kanskje vil lønne seg om dei blir knytte til eksisterande infrastruktur. Skal det vere mogleg, må dei bli funne, planlagde og godkjende før eksisterande infrastruktur på andre felt blir stengt ned. (©NPK)