Klargjør siden...

34 drepne i kampar mot IS i Libya

(NPK-NTB-AFP): Minst 34 krigarar som støttar den nasjonale samlingsregjeringa i Libya, vart drepne i kampar med IS. Kampane er ein del av innsatsen for å ta tilbake byen Sirte frå ekstremistgruppa.

Tysdag vart ein av dei blodigaste dagane sidan regjeringstru styrkar starta offensiven mot Sirte i mai. Dersom byen fell, vil det vere eit stort nederlag for IS, som også møter mykje motstand i Syria og Irak for tida. Samlingsregjeringa sa tysdag at det er kampar fleire stadar i kystbyen og at jihadistar er under press i lommer i byen. I tillegg til dei 34 drepne, skal det vere rundt 100 såra.

Styrkane som støttar regjeringa, sa tidlegare at titals IS-krigarar er drepne dei siste 24 timane og at etterretningsnettverket er i full sving med å førebu det avgjerande slaget mot IS etter å ha slått tilbake fleire motangrep.

– Både tungt artilleri og flyangrep blir brukt mot dei IS-kontrollerte delane av Sirte. Ekstremistgruppa er omringa i eit lite område i Sirte og trass deira forsøk på å bryte seg ut, har vi slått ned på alle forsøk, heiter det i ei fråsegn frå dei regjeringstru styrkane.

Tysdag mista også 29 menneske livet då eit våpenlager gjekk i lufta etter trefningar vest i byen Garabulli. (©NPK)

Annonse