35-åring anker livstidsdom etter Lisa Holm-drapet
(NPK-NTB): 35-åringen som tysdag blei dømt til livsvarig fengsel for drapet på 17 år gamle Lisa Holm, anker dommen.
– Vi anker heile dommen. Han er fortvila, seier advokaten til mannen Inger Rönnbäck til radiokanalen P4, melder Aftonbladet.
Ho har gått gjennom konklusjonen frå retten med sin klient og forsvararen har tre veker på seg til å levere inn anken. Ein eventuell ankebehandling vil skje i lagmannsretten.
Tingretten i Skaraborg meiner at det ikkje er nokon tvil om at Lisa Holm blei drepen av 35-åringen, at det skjedde 7. juni, og at åstaden var ein låve like ved kafeen der ho jobba.
I tillegg til livstidsdommen er Nerijus Bilevicius frå Litauen også dømd til utvising frå Sverige og til å betale erstatning til familien til jenta. (©NPK)