35 millionar i statsbudsjettet til kamp mot mobbing

Pengar til lokale beredskapsteam mot mobbing, læringsmiljø og kortare køar til statsforvaltarane kjem med i statsbudsjettet, avslører Kunnskapsdepartementet.

Annonse

Det skriv dei i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier det har vore ein auke i talet på elevar som ikkje har det godt og skulemiljøsaker som blir melde til statsforvaltarane.

– Dette bekymrar meg og er ikkje noko vi kan akseptere. Derfor går vi no inn med 35 millionar kroner til ein kraftfull og konkret pakke som skal bidra til å styrkje dei tiltaka vi veit verkar for å betre skulemiljøet, seier Brenna.

Derfor kjem det som blir kalla ein «kraftpakke» for å betre skulemiljøet i norsk skule. Kraftpakken inneheld tre konkrete tiltak, ifølgje departementet. Det dreier seg om tilskot til lokale beredskapsteam i kommunane, styrking av læringsmiljøprosjektet og grep for å få ned køane og betre rettleiinga til statsforvaltarane.

15 millionar kroner skal gå til lokale og regionale ressursar som skal gi «raskere og bedre støtte til skolene». Det kjem også ti millionar til å styrkje det såkalla læringsmiljøprosjektet, som hjelper skular og kommunar som slit med dårleg skulemiljø. 35 fleire skular i ti kommunar kjem med i prosjektet i 2024. Sist men ikkje minst kjem ti millionar kroner til statsforvaltarane slik at dei kan behandle fleire skulemiljøsaker.

(©NPK)

Annonse