Klargjør siden...
Annonse

350 bøflar og flodhestar avliva i Sør-Afrika

(NPK-NTB-AP): 350 flodhestar og bøflar har blitt avliva i Sør-Afrikas største viltreservat. Årsaka er det som blir omtala som den verste tørken på 35 år.

Å avlive dyra skal redusere skadeverknadene av tørken i nasjonalparken. Ifølgje dei tilsette ved Kruger nasjonalpark er talet på flodhestar og bøflar, høvesvis 7.500 og 47.000 av kvar, det høgste nokosinne.

Kjøtet frå dei avlivde dyra blir donert til fattige bustadområde rundt nasjonalparken.

Ifølgje talsmann Ike Phaala et dei to dyreartane enorme mengder vegetasjon, og han reknar med at mange av dyra i parken vil døy uansett som følgje av tørken.

I 1990 blei området råka av ein liknande tørkeperiode, og den gong blei talet på bøflar halvert til mindre enn 14.000 individ.

Kruger nasjonalpark er eit enormt viltreservat, og er på størrelse med Wales eller Israel. (©NPK)

Annonse