Annonse

37 frykta omkomne i gjørmeskred i Brasil

(NPK-NTB-DPA-AFP): Minst 17 personar er omkomne og ytterlegare 20 er sakna etter at ein landsby i Brasil vart gravlagt av eit stort gjørmeskred.

Skredet vart løyst ut av at ein demning ved ein søppelplass for gruveavfall brast og store mengder tung, tjukk og giftig gjørme feia inn over ein landsby.

Over 70 menneske vart skadde i gjørmeskredet i landsbyen Bento Rodriguez 250 kilometer nord for Rio de Janeiro torsdag.

Det bur om lag 500 menneske i landsbyen, der ein stor del av husa vart tatt av skredet. TV-bilete viser eit fleire hundre meter langt gjørmebelte som har overfløymd hus og har rive av tak.

– Situasjonen er uhyggeleg. Det er mørkt. Det er masse gjørme, seier brannsjef Bento Rodrigues.

Borgarmeisteren Duarte Junior fortel at redningsmannskapa har store problem med å ta seg fram til landsbyen.

– Vi kjem ikkje nærare enn 500 meter på grunn av all gjørma. Vi veit ikkje heilt kva som har skjedd, fortel han.

Gruva er eigd av Samarco, som er det tiande største eksportselskapet i Brasil. (©NPK)

Annonse