40.000 fisk rømte i Troms

(NPK-NTB): Omtrent 40.000 fisk har rømt frå eit settefiskanlegg på Senja i Troms. Norges Miljøvernforbund politimelder Akvafarm etter hendinga.

Rømminga skjedde då fisken ved anlegget til Akvafarm i Bergsfjorden skulle lastast over i ein brønnbåt.

Seksjonssjef Ernst Bolle i region nord i Fiskeridirektoratet kallar rømminga stor. Han fryktar at laksesmolten kan føre til genetisk forureining av Bergsfjorden og områda den kjem til.

– Vi ser på alle rømmingar av oppdrettsfisk som biologisk forureining som også er ein stor trussel mot all villaks, seier Norges Miljøvernforbund, som politimelder Akvafarm.

Driftsleiar Geir Svendsen ved Akvafarm bekreftar at det dreier seg om 40.000 fisk. Han seier det er første gong dei har opplevd ei slik rømming i alle dei 30 åra dei har drive settefiskanlegg.

– Ikkje berre fører det til eit økonomisk tap for oss, det verste er at det også er med på å øydeleggje ryktet til næringa, seier han til NRK. (©NPK)

Annonse