40 skadd i gatekampar i Paris

(NPK-NTB-AFP): Minst 40 personar er skadde i gatekampar mellom fleire hundre maskerte demonstrantar og politifolk i Paris, medan 73 personar er arresterte, opplyser politiet.

Blant dei 40 skadde er 29 medlemmer av tryggingsstyrkane, opplyser fransk politi.

Uroa braut ut under ein protestmarsj mot den omstridde arbeidslivsreforma til regjeringa. Demonstrantane kasta gjenstandar mot politiet, medan politiet svarte med tåregass og vasskanonar.

Sju fagforbund og studentorganisasjonar stod bak demonstrasjonen. Mange tusen fagforeiningsmedlemmer er bussa til Paris i samband med marsjen.

Dei store protestane skjer medan auga til Europa er retta mot Frankrike på grunn av fotball-EM, og mange tilreisande er i landet. (©NPK)