Annonse

44 prosent av varebilane blir brukte privat til køyring

Berre 13 prosent av norske varebilar blir hovudsakleg brukte til godstransport. 43 prosent er handverkar- eller servicebilar. Resten blir brukt mest privat.

Bilane som blir brukte i næringsverksemd er i snitt nyare og køyrer fleire kilometer, viser ei oversikt frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det var i overkant av 500.000 små godsbilar i Noreg i fjor. Tal frå undersøkinga Transport med varebilar viser at desse bilane køyrde rundt 7.340 millionar kilometer i 2018, av desse 2.540 millionar kilometer med gods.

Sist gong undersøkinga vart gjennomført var i 2015. Då var køyrelengda nesten den same (7.360 millionar kilometer), medan køyrde kilometer med gods har gått ned frå 2.740 millionar kilometer.

Varebilane utgjer cirka 479.000 av dei 507.000 bilane. Lette lastebilar med nyttelast under 3.500 kilo utgjer under 13.000 bilar, medan kombinerte bilar utgjer i underkant av 15.000.

Dei kombinerte bilane er registrerte i 2007 eller før, og er på veg ut av bilparken. Det er bilar som er meint for å både kunne brukast som varebil og personbil, og blir stort sett eigde av privatpersonar.

Varebilane køyrer i snitt 14.500 kilometer i året. Bilane som blir brukte til distribusjonskøyring, køyrer lengst, med 25.600 kilometer i året. Dei står for 4 prosent av bilane, men heile 8 prosent av køyrde kilometer.

I motsett ende finn vi bilane som blir brukte til privatkøyring. Dei køyrde berre 12.200 kilometer i snitt, og står for 37 prosent av køyrde kilometer, mot 44 prosent av varebilmengda

(©NPK)

Berre 13 prosent av norske varebilar blir hovudsakleg brukte til godstransport. 43 prosent er handverkar- eller servicebilar. Resten blir brukte mest til privat køyring. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix