Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): I ein tollkontroll ved Drevsjø i Hedmark fann tollarane over 5.000 liter alkohol i ein varebil. Søndag ettermiddag vart varebilen stolen frå tollstasjonen.
npk@npk.no
Publisert: 12.09.2016 kl 16:34
Sist oppdatert: 12.09.2016 kl 17:45
Funnet vart gjort da tollarar frå Østby tollstad stoppa ein norskregistrert varebil ved Drevsjø natt til laurdag 10. september, opplyser tollvesenet. Bilen sette ned farten, men både passasjeren og bilføraren stakk til skogs idet bilen stoppa.
Inne i varebilen fann tollarane 4.500 liter øl og 522 liter brennevin. Tollbeslaget svarer til 469.000 kroner i unndratte avgifter til statskassa.
Det viste seg seinare at dei norske skilta var falske, og dei originale polske skilta kom for ein dag.
Saka tok ei ny vending da nokon stal varebilen frå tollstasjonen på Østby natt til søndag, skriv Østlendingen.
– Vanlegvis blir beslaglagte smuglarbilar lagra ein heilt annan stad, men på grunn av låg bemanning i helga vart han ståande på tollstasjonen, seier lensmann Sondre Kristian Grønstad i Trysil.
Seksjonssjef Inge Berg ved Østby tollstad seier til Østlendingen at det reint formelt var politiet bilen vart stolen frå, trass i at bilen stod lagra hos tolletaten i Trysil. Han erkjenner samtidig at bilen ikkje var sikra bra nok.
Tolletaten har kontroll på den beslaglagte alkoholen. (©NPK)