Annonse

50 gravide blir smitta av zika kvar dag i Puerto Rico

(NPK-NTB-AP): Så mange som 50 gravide kvinner på Puerto Rico blir kvar dag smitta av zikaviruset. Amerikanske helsemyndigheiter foreslår flysprøyting av insektmiddel over øya.

På Puerto Rico rasar no debatten om ein skal desinfisere område med middelet naled. Kritikarane er uroa over korleis insektmiddelet kan påverke helsa til dyr og menneske, men dei amerikanske helsestyresmaktene meiner det er den beste løysinga for å få bukt med det myggborne viruset.

– Om ein del av Fastlands-USA hadde hatt ei så stor zikaspreiing som Puerto Rico opplever no, ville dei ha spraya for fleire månader sidan, seier Tom Frieden, direktør for CDC, USAs senter for sjukdomskontroll og -førebygging.

– Dette er meir eit spørsmål om forsømming enn noko anna. Om vi ventar til barn med mikrokefali er fødde, vil det vere for seint, seier Frieden.

Mikrokefali er ein nevrologisk fosterskade som gjer at barn blir fødde med liten hovudskalle og underutvikla hjerne. Ein reknar med at zikafeber hos mor har ført til mikrokefali hos mange nyfødde.

CDC anslår at over 20 prosent av befolkninga på Puerto Rico på 3,5 millionar kan vere smitta av zikaviruset. Dei meiner rundt 50 gravide kvinner får viruset kvar dag. (©NPK)

Annonse