50 soldatar sjuke i Madlaleiren

Onsdag denne veka vart nærare 50 personar i Madlaleiren i Stavanger sjuke med oppkast, diaré og febersymptom. Det er sendt inn prøvar av drikkevatnet.

Det var onsdag kveld at soldatane vart sjuke, ifølgje VG.

- I går hadde vi ein topp på talet på sjuke med i underkant av 50 smitta vernepliktige og befal. Talet er noko redusert i dag. Dei fleste føler at symptom forsvinn i løpet av eitt til tre døgn, seier daghavande befal Markus Bakke til avisa fredag.

Leiren har sett i gang fleire tiltak for å førebyggje ytterlegare smitte, og dei som allereie er smitta er bedne om å unngå fellesområda i leiren.

- Dei sjuke blir isolerte i 48 timar etter at dei sist hadde symptom, seier Bakke.

Årsaka til sjukdomsutbrotet er førebels ukjend, men leiren har sendt inn prøvar av drikkevatnet. Bakke understrekar likevel at dei ser på det som lite sannsynleg at drikkevatnet er smittekjelda.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix