Annonse

561 meldingar etter nyttårsaftan-overfall i Köln

(NPK-NTB-DPA): Tysk politi har registrert 561 meldingar i samband med overfall mot kvinner under nyttårsfeiringa i Köln, viser bekrefta tal tysdag kveld.

Tysdag fekk politiet åtte nye meldingar i saka, slik at det totalt no ligg føre 561 meldingar, opplyste aktor Ulrich Bremer tysdag kveld.

Nokre få timar tidlegare sa han at det vart registrert 100 nye meldingar tysdag og at politiet dermed hadde fått 653 meldingar. Men talet han viste til var basert på feilaktige tal i ein politirapport, melder nyheitsbyrået DPA.

Så langt har tyske styresmakter etterforska 12 menn. Fem av dei er gripne for mindre lovbrot som tjuveri.

Politiet i Köln har blitt kritisert for handteringa av saka, og er no fråtekne etterforskingsansvaret på grunn av kritikken.

Ulrich Bremer vil ikkje seie kor mange av dei 561 meldingane som dreier seg om seksuelle overgrep, eller kor mange menn som har vore inne til avhøyr. Men 45 prosent av dei 553 meldingane som låg føre måndag, omfatta seksuelle overgrep.

Etter nyttårsfeiringa i Köln vart politiet varsla om ei rad overgrep, ran, tjuveri og seksuell trakassering av kvinner. Det er også meldt to valdtekter. I dagane som følgde har mengda meldingar auka kraftig. Overfalla har ført til ein oppheta debatt om konsekvensane av Tysklands opne asylpolitikk. (©NPK)

Annonse