Klargjør siden...

60 mistar jobben på Sotra

(NPK-NTB): Aker Solutions legg ned verksemda si på Ågotnes på Sotra i Hordaland. Heile fabrikasjonsverkstaden blir lagt ned, og 60 tilsette mistar jobben.

Dei tilsette blei informerte om nedlegginga på eit allmøte i lokala til bedrifta fredag.

– Dette skjer som følgje av ein vedvarande nedgang i marknaden som ikkje gir grunnlag for vidare drift av denne eininga. Nedlegginga vil få betydning for om lag 60 faste stillingar, og aktiviteten ved fabrikasjonsanlegget vil vere avslutta i haust, opplyser pressesjef Anne Cecilie Lund-Andersen i Aker Solutions til NTB.

Ho strekar samtidig under at verksemda til selskapet innan Subsea-delen vil fortsette på Ågotnes.

Aker Solutions etablerte seg på Ågotnes i 1994. Seinast i mars i fjor utvida dei verksemda med fire nye verkstadhallar og eit nytt kontorbygg i tillegg til dei tre som var der frå før. (©NPK)

Annonse