80-åring misser fiskerett etter ulovleg fiske

(NPK-NTB): Ein 80 år gammal mann er i Fredrikstad tingrett frådømt retten til å fiska for alltid. Han blei også dømd til 50 dagars fengsel for ulovleg hummarfiske og brot på våpenlova.

Det var i juli i fjor at ein inspektør frå Fiskeridirektoratet tok mannen på fersken med 23 humrar. Fire av dei var med rogn og ni under minstemålet, fortel NRK.

I august same året blei mannen endå ein gong teken for ulovleg fiske då han i skjergarden utanfor Fredrikstad blei teken med åleruser utanfor den lovlege fiskeperioden.

I retten vedgjekk 80-åringen straffskuld for eitt tilfelle av ulovleg hummarfiske og for å ha hatt hagle utan våpenløyve, men nekta straffskuld for bruk av åleruser og feil merking av ein sjark.

Tingretten noterte seg at mannen tidlegare er dømd for ulovleg fiske og meinte difor at han har vist ein manglande respekt for lovverket. Dei meiner at det er lite truleg at han kjem til å halda seg unna ulovleg fiske i framtida og tok difor frå han retten til å driva fiske. Han må også dekkja sakskostnadene på 20.000 kroner. (©NPK)