– Hareide blir ny dansk landslagssjef
(NTB-Ritzau): Ifølgje den danske fotballkommentatoren Flemming Toft, blir Malmö-trenar Åge Hareide (62) ny sjef for det danske landslaget i fotball.
Det skriv dansk TV 2 onsdag. Kanalen er Tofts arbeidsgivar.
– Det blir Åge Hareide frå Noreg. Eg erfarer at han skriv under ein av dei neste dagane. Eg har det frå svenske kjelder, seier Toft til dansk TV 2.
– Det overraskar nok mange at det ikkje blir ein danske som tar over. Men danske trenarar manglar internasjonal erfaring. Det er berre Michael Laudrup som har det, men eg kjenner på meg at Laudrup har sagt nei takk til jobben, held han fram.
Også avisa Politiken meiner å vite at Hareide er mannen som tar over etter Morten Olsen. Sistnemnde gav seg som landslagssjef etter at Danmark ikkje klarte å kvalifisere seg til EM. Danmark tapte 3– 4 samanlagt mot Sverige i playoff.
– Kun formalitetar står att, seier Toft.
Politiken skriv at Malmö-trenar Hareide ikkje ønskjer å kommentere saka. Avisa har heller ikkje lykkast i å få Det danske fotballforbundet (DBU) i tale.
– DBUs leiing er i gang med tilsetjinga av ein ny trenar. Planen er at vedkommande skal bli presentert før året er omme, skriv forbundet sjølv om trenarprosessen.
Som Malmö-trenar har han hatt kort veg over til Danmark. Via Øresundssambandet er København berre ein kort køyretur unna.
Hareide har førebels ikkje svara på NTBs meldingar i saka.
Overfor Aftenposten har Malmös sportssjef Daniel Andersson kommentert Hareide-rykta.
– Eg vet at han er interessant for andre lag, men eg kan ikkje kommentere noko rundt dette, seier han til avisa.
Tidlegare onsdag skrev nyheitsbyrået Ritzau at namn som Michael Laudrup og Kasper Hjulmand også har blitt kopla til Danmark-jobben. No er det altså Hareide som verkar å vere i førarsetet. (©NPK)