Klargjør siden...

– Ikkje lenger uvanleg med kongelege skilsmisser

(NPK-NTB): At prinsesse Märtha Louise og Ari Behn skiljast får ingen konstitusjonelle konsekvensar. Brotet påverkar heller ikkje den norske arverekkja, seier Wibecke Lie, som følgde kongehuset tett i mange år som journalist for NTB.

At Märtha og Ari vel å gå frå kvarandre kom overraskande på den pensjonerte kongereporteren.

– Eg hadde trudd at dei ville kome til å halde saman, seier Lie.

Ho strekar under at kongelege skilsmisser ikkje lenger er uvanleg i europeisk samanheng og viser til døme i Danmark og Storbritannia.

– Det er trist at forholdet ikkje heldt og det er synd for barna og familien at dei går frå kvarandre, men skilsmissa har inga konstitusjonell betydning. Den vil heller ikkje påverke arverekkjefølgja, seier Lie. (©NPK)

Annonse