Annonse
Annonse
Annonse

– IS-sikta fann glasbitar i fengselsmaten

(NPK-NTB): I Ringerike fengsel fann ein 45 år gammal mann frå Fredrikstad glasbitar i vegetarlasagnen sin, ifølgje forsvararen hans. Han sit i varetekt sikta for tilslutning til ekstremistgruppa IS.

Annonse

– Han merka raskt at det var glasbitar i maten. Han spytta det ut med ein gong, seier forsvararen til mannen, Nils Christian Nordhus, til VG.

Ifølgje forsvararen vart det laga ein rapport etter hendinga der det kjem fram at totalt fem glasbitar på 0,5 til 0,8 centimeter vart funne.

– Det er beklageleg at slikt som dette skjer. Vi prøver å ha gode rutinar, men det viser seg at det ikkje alltid er tilstrekkeleg, seier fengselsleiar Håkon Melvold i Ringerike fengsel.

Melvold forklarer at dei har gått gjennom rutinane, men ikkje meldt saka.

– Vi har dårleg erfaring med å melde noko på vagt og uklart grunnlag, seier Melvold.

Frå kjøkenet via transporten ut i cellene har fleire innsette og tilsette omgang med maten. Alle tilsvarande matrasjonar som den 45-åringen fann glasbitar i, er kasta.

Forsvararen til 45-åringen er sterk kritisk til handtering av saka frå fengselet si side.

– Det er alvorleg at fengselet ikkje har tryggingsrutinar for å hindre slike angrep mot innsette. Meir alvorleg er det at fengselet ikkje vil ha politiet til å undersøkje saka, seier Nordhus, som sjølv har meldt saka. (©NPK)