– Klimamåla er langt frå nok til å nå togradarsmålet

(NPK-NTB-AFP): Kutta i utslepp av klimagassar som landa i verda har lovd så langt, er ein tredel av det som trengst viss vi skal kunne rekne med å nå togradarsmålet.

Det anslår FNs miljøprogram (UNEP), som fredag la fram ein rapport om utsleppsmåla.

Måla og andre politiske tiltak dei siste åra representerer ein historisk innsats og ei reell heving av ambisjonsnivået i kampen mot klimaendringane, ifølgje UNEPs leiar Achim Steiner.

– Men dei er ikkje nok til å avgrense den globale temperaturauken til det anbefalte nivået på 2 grader dette hundreåret, understrekar han.

Over 150 land har så langt overlevert nasjonale utsleppsmål til FN i forkant av klimatoppmøtet i Paris. Noreg skal saman med EU kutte utsleppa med 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivået.

Også fleire tidlegare berekningar har vist at dei samla utsleppsmåla ikkje er nok til å nå togradarsmålet. (©NPK)

Annonse