Klargjør siden...

– Liten risiko for at menneske blir smitta av hjortesjukdom

(NPK-NTB): Mattilsynet fryktar ikkje at den dødelege hjernesjukdommen CWD skal smitte frå hjortedyr til menneske. Men for å vere føre var vil tilsynet ikkje godkjenne at kjøt frå sjuke dyr skal etast.

Råd frå Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet har ført til at Mattilsynet no tar ei aktiv føre-var-haldning til kjøt frå dyr som testar positivt på sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD), opplyser tilsynet.

– Dyr som testar positivt ikkje skal etast. CWD er ein dyresjukdom. Det er aldri noko menneske som har blitt smitta, og vi forstår at det er lett å bli uroleg når vi no innfører eit slikt tiltak. Men dette er eit viktig føre-var-prinsipp for oss, seier fagdirektør Kristina Landsverk.

Framleis blir risikoen for at sjukdommen skal smitte til menneske rekna som svært liten.

– Det er svært viktig at jegerar og andre som ser sjuke eller døde hjortedyr melder frå til Mattilsynet. Symptom på CWD er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, for eksempel dyr som ikkje skyr menneske, opplyser Mattilsynet.

Sjukdommen er ulækjeleg og kan samanliknast med skrapesjuke på sau eller kugalskap. Inkubasjonstida kan vare i fleire år, ein periode der dyra kan skilje ut smittestoff gjennom avføring og urin.

– Vi har som mål å handtere dette slik at vi har minst mogleg sjuke dyr med CWD, og dersom det er mogleg, ønsker vi å kvitte oss med sjukdommen. Dersom CWD spreier seg, vil det få store konsekvensar for tamme og ville hjortedyr.

– Kunnskapen om sjukdommen har vi frå dei to landa. Finn dei eitt tilfelle av sjukdommen der, skal alt hjortevilt på ein radius på 20 kilometer ut. Får dei to eller fleire tilfelle skal radiusen aukast til 70 kilometer. Det vil få enorme konsekvensar i Noreg dersom vi må ty til liknande nedskyting, sa Lars Nesse, som leier villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen. (©NPK)

Annonse