Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Russland har bomba USA-støtta grupper sør i Syria, ifølgje ei kjelde i den amerikanske regjeringa.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 07:45
– Russiske fly har utført ei rad luftangrep nær al-Tanf mot syriske styrkar som kjempar mot ekstremistgruppa IS, seier tenestemannen som vil vere anonym. Medlemmer av gruppa har tidlegare fått støtte frå USA.
– Russiske handlingar skaper uro grunna intensjonane bak. Vi kjem til å be om ei forklaring frå Russland om kvifor dei utførte dette angrepet og be om løfte om at det ikkje kjem til å skje igjen, seier tenestemannen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.