Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Ei 94 år gammal tidlegare vakt i dødsleiren til nazistane i Auschwitz er dømd til fem års fengsel for medverking til drap på 170.000 menneske.
npk@npk.no
Publisert: 17.06.2016 kl 15:39
Den tidlegare SS-soldaten Reinhold Hanning vedgår at han har vore vakt i Auschwitz, men nekta under rettssaka for å ha deltatt aktivt i drapa på fangar.
Ifølgje dommen deltok Hanning i sorteringa av fangar for å skilje dei som skulle setjast til tvangsarbeid, frå dei som vart sende rett i gasskammeret.
– Gjennom rolla si som vakt la han til rette for tusenvis av drap på fangar, sa aktor under rettssaka.
Retten i Detmold fann nittifireåringen skuldig etter tiltalen og dømde han til fem års fengsel. Som følgje av den høge alderen slepp han likevel mest truleg å sone dommen.
Blant dei 6.500 SS-soldatane som var vakter i Auschwitz, og som overlevde krigen, er færre enn 50 dømde opp gjennom åra.
Tida er no i ferd med å renne ut, og Hanning er truleg ein av dei siste som no må svare for brotsverka sine i ein rettssal.
Rettssaka mot Hubert Zafke, som var medisinsk ansvarleg i Auschwitz-Birkenau, er førebels utsett, fordi nittifemåringen har vore for sjuk til å møte i retten.
Ei anna Auschwitz-vakt, 93 år gamle Ernst Remmel, er òg tiltalt for medverking til massedrap, men saka mot han er enno ikkje avslutta. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.