Annonse

A-ha avlyser fleire konsertar etter stemmetrøbbel for Morten Harket

A-ha avlyser konsertane i Bournemouth 24. mai og Liverpool 25. mai. Vokalist Morten Harket vart nyleg diagnostisert med akutt laryngitt og må kvile stemma.

Det er banda sjølv som melder om avlysingane på si Facebook-side måndag. Ifølgje Store medisinske leksikon er akutt laryngitt er ein betennelse i strupe og stemmeband.

– Vi hatar å skuffe endå fleire fans med fleire utsetjingar, men det er dessverre ikkje anna vi kan gjere enn å vente på at Morten blir betre og krysse fingrane for showa i London og Birmingham. Behald billettane dine, vi kjem tilbake med meir informasjon så fort som mogleg. Hald dykk trygge i mellomtida, alle saman, skriv bandet.

Konserten i London skal etter planen gå fredag denne veka, medan showet i Birmingham er dagen etter. Laurdag måtte banda også avlyse ein konsert i Oslo Spektrum som følgje av stemmeproblema til Harket.

Bandet er for tida på turneen «Hunting High and Low Live», som skulle ha vore halde i 2020, men vart koronautsett. Andre del av konserten er ei framføring av alle låtane frå «Hunting High and Low,» debutplata som kom ut i 1985.

(©NPK)

Morten Harkets stemmeproblem gjer at a-ha må avlyse fleire konsertar. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB