AaFK forsterkar med tidlegare Roma-spelar

Aalesund har sikra seg den serbiske forsvarsspelaren Petar Golubovic (27) før comebacksesongen i Eliteserien.

Overgangen vart stadfesta måndag. Golubovic kjem vederlagsfritt til AaFK etter å ha stått utan kontrakt sidan han forlét den belgiske klubben Kortrijk i fjor sommar.

– Petar er ein erfaren spelar som har mange sesongar bak seg på høgt nivå i gode ligaer i Europa. Vi har særs gode referansar på han frå spelarar han har spelt saman med, og leiarar i klubbane han har spelt for. Ein robust forsvarsspelar og ein veldig profesjonell og fin type, seier sportsleg leiar Bjørn Erik Melland i Aalesund.

Golubovic var under kontrakt med Roma i åra 2014 til 2017, men fekk ingen kampar i Serie A. Han vart i denne perioden lånt ut til fleire klubbar.

AaFK er tilbake i Eliteserien etter å ha gjennomført 2020-sesongen på nivå to.

(©NPK)

Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen (t.h.) i samtale med sportsleg lear i klubben Bjørn Erik Melland (t.v.). Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB