Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Tidlegare toppalpinist Kjetil André Aamodt fekk denne veka overrekt Menarini-prisen.
npk@npk.no
Publisert: 14.07.2016 kl 10:12
Sist oppdatert: 14.07.2016 kl 10:52
Seansen gjekk direkte på italiensk fjernsyn. Aamodt fekk fair play-prisen saman med den russiske turnlegenda Aleksej Nemov. Begge har fire OL-gull kvar og til saman 20 olympiske medaljar.
– Det er sjølvsagt hyggeleg å få ein pris ti år etter at ein har lagt opp. Fair play handlar mykje om å respektere reglar og kvarandre, både lagkameratar og konkurrentar, seier Aamodt.
– På alpinlandslaget brukte vi å seie at vi var individuelle utøvarar berre dei to minutta vi køyrde skirenn, elles var vi eit lag.
– Eg føler eg har vore ein del av kulturen i Olympiatoppen sidan 1988, der deling av kompetanse på tvers av idrettar og innanfor laget har vore viktig. Fair play står høgt i den norske idrettskulturen. Eg trur det er éin av grunnene til at vi som nasjon kanskje har overprestert dei siste 25 åra, seier Aamodt.
Slik fortel alpinlegenda om møtet med Nemov.
– Det var meir turn på tv før, og eg hugsar han som ei stor stjerne. Han hadde fantastisk stil på alt han gjorde. Kona mi er stor fan av han, og ho hadde stjerner i auga her, seier Aamodt.
For tredje året på rad får ein norsk utøvar prisen. Marit Bjørgen vart heidra i 2014, mens Bjørn Dæhlie fekk prisen i 2015. I tillegg har Johann Koss (2003) og Ole Einar Bjørndalen (2009) fått prisen.
Bob Beamon (friidrett), Sebastian Coe (friidrett), Marcello Lippi (fotball), Tina Maze (alpint) og Marc Girardelli (alpint) er blant utøvarane som tidlegare har fått Menarini-prisen. (©NPK)