Aamodt Kilde svikta i Bormio-utfor – franskmann med overraskingssiger

Aleksander Aamodt Kilde var uheldig i den tradisjonsrike utfor i italienske Bormio og køyrde ut. Franske Cyprien Sarrazin vann etter gnistrande køyring.

Aamodt Kilde kom i enden av ei lang rekke fartskanonar som prøvde å slå tida til Sarrazin, men nordmannen fekk ikkje full klaff og køyrde ut på veg ned utfortraseen.

– Han var heilt med der og gjorde alt rett. Han skal setje svingen der, og så får han ikkje feste. Det ser litt merkeleg ut når han mistar kontakten med ytterskia, sa Viaplay-ekspert Marius Arnesen.

Gale gjekk det også for Marco Schwarz, som etter ein vond smell måtte fraktast ut av løypeanlegget med helikopter.

Den franske 29-åringen Sarrazin overraska stort med fabelaktig køyring frå startnummer fire. Marco Odermatt leidde hårfint heile vegen vis-à-vis Sarrazin, men austerrikaren var ni hundredelar på feil side i mål.

– Det seier mykje om avslutninga til Sarrazin. Han har køyrt godt heile vegen og vore heilt rå, sa Viaplay-ekspert Arnesen.

Sarrazin har éin verdscupsiger frå tidlegare. Den kom i parallellstorslalåm i desember 2016.

– For ein Bormio-utfor du har sett saman, la kommentator Henrik Jonassen til.

Aamodt Kilde hadde stø kurs mot siger i det første utforrennet i sesongen i Val Gardena før jul, men frå startnummer 34 kneip amerikanaren Bryce Bennett sigeren med tre hundredelar. To dagar seinare var Dominik Paris mannen som viste Aamodt Kilde til 2.-plass.

Adrian Smiseth Sejersted valde å stå over Bormio-utfor torsdag.

Innleiinga på sesongen i alpinsirkuset var prega av ei rekke avlysingar. Først rauk renna i Zermatt-Cervinia, før også fartshelga i Beaver Creek bukka under. Det første utforrennet i Val Gardena erstatta eitt av dei avlyste i Zermatt.

(©NPK)

Aleksander Aamodt Kilde skuffa i Bormio torsdag. Foto: Marco Trovati / AP / NTB

Cyprien Sarrazin vann torsdagens utforrenn i Bormio. Foto: Alessandro Trovati / AP / NTB

Annonse