ABB får millionavtale med Statnett

(NPK-NTB): ABB Noreg har inngått avtale med Statnett om å levere transformatorstasjonar på Sør-Vestlandet. Avtalen er verdt over 250 millionar kroner.

Avtalen mellom ABB og Statnett omfattar levering av to transformatorstasjonar ved Lyse i Rogaland og Fjotland i Vest-Agder.

Dei skal bidra til betre stabilitet og kapasitet i kraftnettet, i tillegg til å auke integreringa av fornybar energi. I tillegg vil transformatorstasjonane spele ei viktig rolle i samankoplinga av det norske, britiske og tyske kraftnettet, opplyser ABB. (©NPK)

Annonse