Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Det gir ikkje meining at cannabis skal vere forbode, meiner Venstre-nestleiar og tidlegare kulturminister Abid Raja. Han seier det er på tide å legalisere.
vaktsjef@ntb.no/eli.strand@npk.no
Publisert: 08.07.2022 kl 19:09
– Eg vil at ein skal kunne kjøpe cannabis i trygge former, akkurat som i Nederland. Om det er ei slags sigar-sjappe, eller whatever ein kallar det. Eller kanskje eit eige pol? seier Raja til Morgenbladet.
Korleis legaliseringa skal gå føre seg, er han usikker på. Men det er viktig at ungdommar ikkje kjøper stoff frå seljarar utan at dei har kontroll over kva det inneheld, meiner han.
Raja viser til at det har vorte vanlegare blant unge å prøve cannabis.
– Og eg vil derfor spørje medforeldra mine: Om barnet ditt er blant dei 20 prosentane som kjem til å teste cannabis: Ønskjer du at ungen med det skal vere ein lovbrytar? Vil du at din ungdom skal halde det hemmeleg frå deg, og ikkje eingong våge be om hjelp om noko ille skjer i frykt for å bli kriminalisert? Derfor meiner eg det i alle fall er på tide at vi tek den diskusjonen på ein vaksen måte utan å gå i skyttargravene.
Venstre-nestleiaren vedgår at han som ung tok nokre drag då han vart tilboden ein joint. Men skulle moglegheita by seg i dag, ville han seie nei. Det er eit viktig prinsipp at dei som lagar lovene, følgjer dei.
– Men ja, eg hadde teke meg ein joint viss det var lovleg no, seier han.
(©NPK)
Abid Raja vil opne for debatten om å legalisere cannabis. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.