Annonse

Adidas krev svar om VM-bestikkingar

(NPK-NTB-TT-AFP): Herbert Hainer, sjefen i Adidas, seier han er forbløffa over skuldingane om at Tyskland kjøpte retten til å arrangere fotball-VM i 2006.

Adidas er Det tyske fotballforbundets (DFB) største sponsor.

– Det er ikkje bra for fotball, for fansen eller for nokon som elskar sporten, men eg er overbevist om at DFB, med ekstern hjelp, oppklarer saka og legg alle fakta på borde, seier Hainer.

For eit par veker sidan avslørte Der Spiegel at DFB hadde betalt 6,7 millionar euro til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) for å kjøpe støtte frå fire medlemmer av den såkalla eksekutivkomiteen. (©NPK)

Annonse