Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Ramon Fonseca hevdar det er eksterne hackarar som har leke dokumenta som har fått tilnamnet Panama Papers. Han har klaga saka inn for Panamas statsadvokat.
npk@npk.no
Publisert: 06.04.2016 kl 08:12
Fonseca er ein av grunnleggjarane av advokatfirmaet Mossack Fonseca, som ifølge avsløringane har hjelpt ei rekkje statsoverhovud, politikarar, milliardærar og andre til opprette selskap i såkalla skatteparadis.
I eit intervju med Reuters seier Fonseca at firmaet er utsette for eit eksternt hackarangrep, og at det er slik dei 11,5 millionar dokumenta har hamna i hendene på internasjonale medium.
– Vi ser bort frå ein innsidejobb. Dette er ikkje ein lekkasje. Det er hacking, seier Fonseca og legg til:
– Vi har ein teori, og vi jobbar ut frå den. Vi har allereie levert dei relevante klagene til statsadvokaten, i tillegg til at ein statleg institusjon ser på saka.
Vidare hevdar han at Mossack Fonseca ikkje har brote nokon lover, at dei ikkje har øydelagt dokument og at dei aldri har hjelpt nokon til skattesvik eller å kvitvaske pengar.
– Det einaste brotsverket som er bevist, er hackinga. Det er saka, men det er det ingen som snakkar om, seier Fonseca.
Det var den tyske avisa Süddeutsche Zeitung som først fekk tilgang til Panama-dokumenta. Seinare vart dei delte med over 100 medieorganisasjonar gjennom gravejournalistgruppen ICIJ. Det er opplyst at ei anonym kjelde lak dokumenta. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.