Klargjør siden...

Aftenbladet tar stilling mot monarkiet

(NPK-NTB): Stavanger Aftenblad tar i leiaren fredag til orde for å avvikle monarkiet i Noreg.

Den tradisjonsrike avisa er rett nok ikkje blitt revolusjonær, men meiner Noreg treng ein «statsrettsleg evolusjon». I leiaren blir det teke til orde for å løfte debatten til eit prinsipielt nivå og ikkje feie den under teppet fordi vi har ein hyggeleg kongefamilie.

I leiaren blir det også vist til den siste avstemminga på Stortinget om å endre statsform. Til liks med tidlegare forslag vart heller ikkje dette vedtatt, men Aftenbladet meiner å spore noko nytt. Ikkje minst blant dei yngre representantane som stemte for ei endring.

«Realitetene er at det er en generasjon yngre stortingsrepresentantar som tenker prinsipielt rundt dette. De mener det er på tide å tenke på et Norge som har et statsoverhode som ikke får tittelen gjennom arv», heiter det.

Avisa foreslår at neste forslag om å endre grunnlova på dette punktet bør følgjast av ein komité som beskriv korleis ein norsk republikk skal sjå ut: «hvordan presidenten skal velges, hvilken makt hun skal ha og så videre».

I tilfelle nokon skulle vere uroa med tanke på neste vekes fest, roar leiaren med at 17. mai-feiringa ikkje er i fare. Grunnlova har tolt mange endringar, står det, «det er monarkiet som er i solnedgangen» (©NPK).

Annonse