Aftenposten: Fleirtal for å greie ut 5 av over 90 forslag frå ekstraordinært straummøte

Forslaga som kom inn på Stortingets ekstraordinære straummøte, er no behandla, og det enda med fleirtal for å greie ut fem av dei.

Eitt av forslaga det er fleirtal for, er at Enova skal kunne gi støtte til tiltak for energieffektivisering.

Det betyr mellom anna at Enova kan gi støtte til varmepumper, etterisolering, utskifting av vindauge og liknande. Høgre og Raudt hadde begge eit forslag om dette, og til slutt var det Høgre sitt som fekk fleirtal.

Aftenposten skriv at Stortinget ber regjeringa vurdere å endre dagens Enova-tilskot, slik at hushald kan få støtte når berre delar av bygningen blir oppgradert. Dei ber også om ei utgreiing av om Enovas løysing for utbetaling til forbrukarar kan leggjast om slik at forbrukarane får samtidig utbetaling.

I tillegg vil Stortinget ha ei utgreiing av eit mellombels eller tidsavgrensa unntak frå søknadsplikta for mindre solenergianlegg, og dessutan korleis straumstøtteordninga for nærvarmeanlegg som leverer til hushald kan formast ut.

(©NPK)

Annonse