Annonse

Aker BP la fram driftsresultat på 2,19 milliardar dollar i første kvartal

Aker BP fekk eit driftsresultat på 2,19 milliardar dollar i første kvartal, samanlikna med 1,96 milliardar dollar i same kvartal i fjor.

Selskapet har tidlegare opplyst at produksjonen vart på 448.000 fat oljeekvivalentar per dag i første kvartal, ned frå 452.700 fat per dag i same kvartal året før, skriv E24.

I gjengjeld fekk selskapet 82,7 dollar fatet for olja, som er opp frå 78,4 dollar per fat i det første kvartalet i fjor.

– Aker BP leverte sterkt på drifta og det finansielle i første kvartal i 2024. Olje- og gassproduksjonen vår auka, medan vi heldt oppe låge kostnader og heldt utsleppa i sjakk, seier konsernsjef Karl Johnny Hersvik.

Resultatet etter skatt vart på 531 millionar dollar, som er vesentleg opp frå 187 millionar dollar i fjor. Omsetninga er derimot ned frå 3,3 milliardar i fjor og enda på 3,08 milliardar i år.

(©NPK)