Klargjør siden...
Annonse

Aktivistar: Boko Haram-bortført jente funnen etter to år

(NPK-NTB-AP-AFP): Ein 19 år gammal skuleelev frå Chibok i Nigeria er funnen i live, to år etter at Boko Haram-islamistar bortførte henne og 275 andre skulejenter, opplyser aktivistar. Seks andre skal vere funne døde.

Dei 276 skulejentene vart bortførte 14. april 2014. 57 av dei klarte å rømme i timane etter bortføringa. Skjebnen til dei 219 andre har sidan vore uviss.

Aktivistar stadfestar overfor den britiske rikskringkastinga BBC at ei borgarverngruppe frå Chibok tysdag fann jenta etter at nokon hadde kjent henne igjen. Jenta, som heiter Amina Ali Nkeki, har no vorte 19 år gammal

Ein lokal leiar i Chibok, Tsambido Hosea Abana, som er med i gruppa Bring Back Our Girls, har tvitra at borgarverngruppa fann Nkeki i utkanten av Sambisa-skogen ved grensa til Kamerun.

Seks andre jenter er allereie funne døde. Hæren vart sendt inn i området og tok hand om både jenta og dei døde. Jenta vart deretter frakta til Damboa, skriv Abana.

Yakubu Nkeki, som er leiar for interessegruppa for foreldra til dei bortførte jentene, og ein annan lokal leiar i Chibok, Ayuba Alamson Chibok, stadfestar opplysningane overfor AFP.

– Ho er gravid, men lir av traume, seier han.

Den unge kvinna vart først frakta til Chibok tysdag kveld, der ho fekk sjå igjen mor si. Far hennar døydde etter bortføringa.

Lokalsamfunnsleiar Pogu Bitrus seier at fleire av dei bortførte jentene kan ha vorte redda av soldatar som jakter på Boko Haram-medlemmer i den avsidesliggjande skogen. (©NPK)