Annonse

Aktor ber om bot til Trump for brot på munnkorg

Påtalemakta i den såkalla hysjpengesaka ber om at dommaren skal gi Donald Trump ei bot på 10.000 dollar for påstått brot på munnkorga han har fått.

Den tidlegare presidenten har ikkje lov til å snakke offentleg om folk som har noko med saka å gjere, slik som moglege vitne og juryen.

Ifølgje påtalemakta har Trump lagt ut ti innlegg på nett som dei meiner er i strid med pålegget. Det dreier seg om utsegner om Michael Cohen, den tidlegare personlege advokaten hans, og Stormy Daniels, pornoskodespelaren han skal ha hatt ein affære med.

(©NPK)

Trump har lagt ut ti innlegg på nett som påtalemakta meiner er i strid med munnkorga ekspresidenten har fått. Foto: Yuki Iwamura / AP / NTB