Annonse

Aktor ber om lange straffer for tiltalte reineigarar

(NPK-NTB): Aktoratet meiner bevisa mot to reineigarar som står tiltalte for dyremishandling, er solide og ber om lange fengselsstraffer for begge to, skriv iFinnmark.

Ein trettitreåring og ein tjueåtteåring frå Karasjok har dei siste fire vekene stått tiltalt i Indre Finnmark tingrett for å ha pint fleire reinsdyr til døde ved å gi dyra skadar som skulle likne rovdyrskadar. I tillegg er begge tiltalte for ei rekke tilfelle av reintjuveri. Dei to nektar straffskuld på alle tiltalepunkt.

Aktor, førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i Økokrim, sa i retten onsdag at det er meir enn gode nok bevis til å dømme dei to mennene for dyremishandling, svindel med rovvilterstatningar og for tjuveri, skriv iFinnmark.

Han bad om to år og ni månaders fengsel for trettitreåringen og to års fengsel for tjueåtteåringen. I tillegg bad han om at dei to mistar retten til å drive reindrift i fem år.

I retten la Høviskeland òg vekt på at dei to mennene i liten grad hadde hjelpt til med å kaste lys over saka.

I tillegg til over 30 vitnemål er det i retten lagt fram ein veterinærrapport og biletbevis som påtalemakta meiner dokumenterer ugjerningane. I prosedyren sin la aktor òg vekt på at forsvararane gjennom saka i hovudsak har kritisert etterforskinga og i mindre grad prøvd å kaste lys over kva som faktisk har skjedd. (©NPK)

Annonse