Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Aktor ber om sju og eit halvt års fengsel for 42-åringen som er tiltalt for å ha slått ned ein 50 år gammal mann på Stord i 2014. 50-åringen døydde av skadane.
npk@npk.no
Publisert: 08.09.2016 kl 13:13
Statsadvokat Tormod Haugnes har lagt ned påstand om sju og eit halvt års fengsel for 42-åringen som er tiltalt for å ha slått ned 50 år gamle Torbjørn Bauge, skriv Bergens Tidende.
42-åringen svarte nei på skuldspørsmålet då rettssaka starta måndag. Ifølgje Haugnes er det mykje som skurrar i forklaringa til 42-åringen.
– Nærmare forsettleg drap enn dette, er det vanskeleg å kome, sa aktor i retten, ifølgje NRK.
Bakgrunnen for tiltalen er eit slagsmål utanfor Sagvåg på Stord i desember 2014.
Ifølgje tiltalen skal 42-åringen ha slått Bauge gjentekne gonger med eit stolbein eller ein annan gjenstand i hovudet og kroppen og kanskje også ha sparka han.
Som følgje av valden fekk Bauge knusingsskadar i ansiktet og hovudet, brystet og buken. Skadane gav blødingar som førte til at han døydde seinare same dag.
42-åringen har i avhøyr forklart at han forsvarte kona si mot vald frå 50-åringen. (©NPK)