Klargjør siden...

Alarm på Andrews-basen avblåst

(NPK-NTB-AP): Alarmen på Andrews-basen utanfor Washington er avblåst. Det var ingen som skaut likevel, seier styresmaktene.

Alarmen gjekk fordi nokon på flybasen ringde alarmtelefonen då vedkommande oppdaga sikkerheitsvakter som heldt på med ein rutineinspeksjon. Forvirringa vart ikkje mindre av at det var planlagt ei øving mot skyteepisodar seinare på dagen.

Alle som var på basen, fekk torsdag morgon beskjed om å søke dekning etter meldinga om at nokon hadde opna eld.

Andrews-basen ligg drygt tre mil frå sentrum av Washington og er basen til Air Force One og andre fly som president Barack Obama brukar. Det bur over tusen menneske på basen, og Obama spelar regelmessig golf der. (©NPK)

Annonse