Klargjør siden...
Annonse

Alex Jones medgir at Sandy Hook-massakren fann stad

Den amerikanske konspirasjonsteoretikaren Alex Jones medgir at det var uansvarleg å påstå at Sandy Hook-skulemassakren i 2012 var iscenesett av skodespelarar.

Foreldra til ein seks år gammal gut som vart drepen i massakren har saksøkt Jones og medieselskapet hans for påstandane han fremja på nettsida InfoWars etter massakren, som kosta 20 førsteklassingar og seks lærarar livet.

I retten har foreldra fortalt korleis dei i årevis har vorte trakasserte og trua av fanatiske tilhengjarar av Jones og konspirasjonsteorien hans, og at dei har opplevd både overfall og at det har vorte skote mot huset og bilen deira.

Uansvarleg

Onsdag var det Jones' tur til å forklare seg i retten, og han medgav då at det var uansvarleg av han å påstå at skulemassakren var ein bløff som var iscenesett av skodespelarar. Han forsikra vidare at han no er overtydd om at massakren verkeleg fann stad.

– Særleg etter at eg har møtt foreldra. Det var 100 prosent ekte, sa Jones, som har karakterisert søksmålet som eit angrep på ytringsfridommen i USA.

Held fast på kravet

For Neil Heslin og Scarlett Lewis, som fekk sonen Jesse drepe i massakren, er ikkje innrømminga tilstrekkeleg.

– Det var Alex som starta denne kampen, og eg skal avslutte han, sa Heslin onsdag.

Foreldra gjorde det vidare klart at dei held fast på kravet om minst 150 millionar dollar, nærare 1,5 milliardar kroner i erstatning og oppreising for lidingane Jones og tilhengjarane hans har påført dei i tillegg til tapet av sonen dei siste ti åra.

(©NPK)

Den amerikanske konspirasjonsteoretikaren Alex Jones seier at han angrar på påstandane om at Sandy Hook-skolemassakren i 2012 var ein bløff sett i scene av skodespelarar. 20 førsteklassingar og seks lærarar vart drepne i massakren. Foto: AP / NTB

Seks år gamle Jesse Lewis vart drepen i Sandy Hook-massakren i 2012, saman med 19 andre førsteklassingar og seks lærarar. Foto: AP / NTB

Scarlett Lewis og Neil Heslin (i midten), har saksøkt konspirasjonsteoretikaren Alex Jones for påstandane han kom med om at Sandy Hook-massakren, der dei miste sonen Jesse, var ein bløff og sett i scene av skodespelarar. Foto: AP / NTB

Annonse