Annonse

Alexander Os legg opp

(NPK-NTB): Alexander Os legg opp som skiskyttar. Det melder 36-åringen på si eiga Facebook-side tysdag.

– Etter ein del fram og tilbake har eg no bestemt meg for å trappe ned skiskyttarsatsinga. Skiskyting er vanvitig gøy, men no har eg komme i ein fase i livet der det er på tide å gå vidare, skriv Os, som samtidig melder at han ventar dotter nummer to i juli og har fått jobb som dagleg leiar i Reistadløpet frå 1. juni.

Det var VG som først melde at Os legg opp.

Os var på stafettlaget som VM-gull i Russland i 2011, og har også ein bronsemedalje på jaktstart frå Pyeongchang i 2009. (©NPK)

Annonse