Annonse

Alexander Sørloth månadens spelar i La Liga: – Veldig kult!

Alexander Sørloth er kåra til månadens spelar i spansk La Liga, melder TV 2. Dermed er ein ny barriere broten for norske fotballspelarar.

I same sesong er nordmenn kåra til månadens spelar i Premier League (både Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard) og La Liga (Sørloth), dei to sterkaste ligaene i verda.

– Dette er veldig kult. Eg har pleidd å vere ganske nøktern dei gongene eg har fått nokon prisar tidlegare, men månadens spelar i La Liga er heilt rått. Det er eit bevis på at eg har gjort det godt, og det er berre frykteleg, frykteleg artig, seier Sørloth til TV 2.

Inntil han gjekk mållaus av bana i 0-0-kampen mot Real Madrid på Estádio Bernabeu sist helg, hadde Sørloth skåra i fem seriekampar på rad for Real Sociedad. Han gjer også ein stor jobb for laget.

– Det er ei god nyheit både for oss og for han at han blir kåra til månadens spelar. Vi har hatt ein god sesong til no, og Alexander har gjort ein ekstraordinær jobb, seier sportsdirektør Roberto Olabe til TV 2.

Det er ikkje første gong ein nordmann blir månadens spelar i La Liga. Ødegaard fekk utmerkinga i 2019, også han som Real Sociedad-spelar.

(©NPK)

Alexander Sørloth er kåra til månadens spelar i La Liga. Her frå kampen mot Real Madrid i helga. Foto: Manu Fernandez, AP / NTB