Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Alfred Johansson (33) er tilsett som hovudtrenar i Rosenborg. Svensken blir frå henta FC København.
Publisert: 14.12.2023 kl 18:40
Sist oppdatert: 14.12.2023 kl 19:21
33-åringen har skrive under på ein treårskontrakt med trønderane og vart presentert på ein pressekonferanse på Lerkendal torsdag kveld.
– Det er herleg å endeleg vere her, seier Johansson.
Johansson fortel vidare at jobben no startar med å finne trenarassistentar. Styreleiar Cecilie Gotaas Johnsen seier at det er eit samla styre som står bak trenarvalet.
Johansson har hatt ansvaret for G19-laget til FCK sidan september 2022. Han vart over tid kopla til RBK før tilsetjinga var i boks.
– Det har vore ein lang prosess saman med styret og den sportslege leiinga. Vi har snakka om kvar klubben kjem frå og kvar han vil. Vi vart samde om at eg og klubben var ein god match, seier svensken.
– Trass at eg er ganske ung hugsar eg at eg såg Rosenborg då eg var liten. Eg veit at det er ein stor klubb, seier han.
Johansson er ikkje bekymra for athan er ung og aldri har trena eit seniorlag før.
– Alle skal få lov til å ha sine meiningar om ting, men eg er fokusert på at vi har hatt ein veldig god prosess. Eg er veldig glad for å vere her og det vil bli eit veldig spennande prosjekt. Eg kjem frå eit miljø der det er store ambisjonar, og mange dyktige trenarar har teke same veg som meg, seier Johansson.
Kjetil Rekdal leidde i fjor trønderklubben til bronse i Eliteserien, men greidde ikkje å byggje vidare på det i 2023. Allereie i juni fekk han sparken etter fleire svake resultat.
Sidan har Svein Maalen trena laget. Han vart vald som ei intern løysing ut sesongen, og ifølgje Adresseavisen skal 45-åringen ha vore blant dei heitaste kandidatane heilt til det siste i trenarjakta.
Same avis hadde tidlegare torsdag bilete av Johansson på plass på Lerkendal.
Rosenborg enda på ein skuffande 9.-plass i årets serie. Klubben har ikkje vunne ein tittel sidan dobbelttriumfen i 2018.
– Det som er viktig å ha med seg når ein snakkar om Rosenborg er at historia er der. Vi veit kor mange pokalar som er vunne og veit kvar ho kjem frå. Det er ingen tvil om at dei høyrer til i toppen, seier Johansson.
(©NPK)
Alfred Johansson vart presentert som ny Rosenborg-trenar torsdag. Foto: Terje Pedersen NTB
Rosenborg-trener Alfred Johansson på torsdagens pressekonferansen i Trondheim. Foto: Terje Pedersen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.