Klargjør siden...
Annonse

Algerie dømmer 49 personar til døden etter lynsjing

Ein domstol i Algerie dømde torsdag 49 personar til døden for å ha lynsja ein mann som feilaktig vart skulda for å ha starta ein skogbrann i august i fjor.

Algerie held likevel oppe eit moratorium på iverksetjinga av dødsstraffer. Dei har ikkje vorte gjennomførte sidan 1993.

Den 38 år gamle Djamel Ben Ismail vart banka i hel då han møtte opp ved ein lokal politistasjon i Tizi Ouzou-regionen for å melde seg. Han ville klargjere saka med politiet etter at han hadde høyrd at han var mistenkt for eldspåsetjing.

Algerie vart ramma av øydeleggjande brannar på ettersommaren i fjor, og 90 menneske mista livet.

Seinare har det komme fram at Ben Ismail hadde drege til Tizi Ousou-regionen for å hjelpe til med å sløkkje brannane som frivillig.

Domstolen i Dar El Beida dømde 49 personar til avretting og 28 til fengsel i to år utan avkorting.

Videoklipp som er spreidd i sosiale medium, viser ei folkemengd som omringar ein politibil og slår laus på mannen som sit i bilen. Han blir drege ut og sett fyr på. Fleire av tilskodarane tok selfies medan dette gjekk føre seg.

Dei sjokkerande bileta vart spreidd over heile landet og førte til kraftige reaksjonar. Menneskerettsgrupper kalla bileta motbydelege og etterlyste eit grundig rettsoppgjer.

(©NPK)