Klargjør siden...

Alkohol bør merkast med helseåtvaring, meiner Helsedirektoratet

Samanhengen mellom kreft og alkoholinntak bør merkast på etiketten, tilrår Helsedirektoratet.

Åtvaringsmerking kan vere eit viktig verkemiddel for å auke kunnskapen om helseskadar, slår Helsedirektoratet fast i eit anbefalingsbrev til Helse- og omsorgsdepartementet.

– Direktoratet tilrår at eit eventuelt påbod om åtvaringsmerking på etikettar og emballasje for alkoholhaldig drikk, heiter det i brevet.

Generalsekretær Ragnhild Kaski i organisasjonen Av-og- til er glad for tilrådinga.

– Alkohol aukar risikoen for over 200 sjukdommar, mellom anna kreft. Det har folk rett til å vite, seier ho i ei fråsegn til NTB.

Ei regelendring vil vere lite formålstenleg, meiner likevel Petter Haas Brubakk, administrerande direktør i NHO Mat og Drikke. Han ønskjer at Noreg skal vente med ei regelendring til dette blir bestemt på EU-nivå.

(©NPK)

Helsedirektoratet vil at alkoholhaldige varer ska merkast med ei helseåtvaring. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Annonse