Alle sikta sett fri etter dødsfall i Skien
(NPK-NTB): Alle dei fire som vart valdssikta etter eit dødsfall i Skien, blir lauslatne. Den førebelse obduksjonsrapporten indikerer eit naturleg dødsfall.
Obduksjonsrapporten vart klar under det tredje av fire fengslingsmøte i Nedre Telemark tingrett onsdag.
Då valde politiadvokat Jon Borgen å fråfalle fengslingskrava og avlyse det fjerde fengslingsmøtet, skriv Varden.
Alle dei fire sikta, som er i 30- og 40-åra, har nekta straffskuld i samband med at ein 60 år gammal mann vart funnen død i bydelen Skotfoss seint måndag kveld. (©NPK)