Klargjør siden...

Aluminiumsverket i Årdal er utan straum

(NPK-NTB): Hydro Aluminium i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane er utan straum. Eit langvarig straumbrot vil føre til at metallet størknar i omnane.

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon for Hydro. Vi har store produksjonsanlegg i Årdal som treng straum året rundt. Når vi no er utan straum, er det alvorleg, seier kommunikasjonssjef Halvor Molland i Norsk Hydro til NRK.

Straumen gjekk i store delar av Øvre Årdal like før klokka 17.30, inkludert ved metallverket til Hydro.

– Det har vore ein spenningstopp eller noko ved koplingsanlegget vårt, der straumen kjem inn til metallverket. Det var heftige lysglimt, fortel fabrikksjef Egil Fredriksen.

Førebels går ikkje straumbrotet ut over produksjonen. Metallverket kan klare seg utan elektrisitet i nokre få timar før det blir kritisk.

– Om ein dryg time byrjar det å bli kritisk, sa Fredriksen klokka 18.40.

Fabrikksjefen legg til at dei har alt tilgjengeleg mannskap ute for å få retta opp feilen.

– Vi har òg hatt røykdykkarar inne i området. Det var mykje røyk, seier han. (©NPK)

Annonse